Jolle
Jollegruppa har base på Ulsteinvik Marina (Borgstein) og disponerer fire Optimist, fire Zoom 8 og fem RS Vision. Optimistjollane er fine til grunnopplæring av dei yngste, og Zoom 8 er ein raskare og meir moderne jolle som passar godt for dei som vil gå vidare til f.eks. Laser. RS Vision er større og passar godt for ungdom som vil vere 2-3 i same båt.
Faste treningsøkter tirsdagar kl. 18-20 Gruppa brukar Spond-appen til kommunikasjon.