Siste IOR i vårserien.
Forfatter: Harald Notøy
23. juni 2016
Den store spinnakerkvelden. Ikkje ofte det blir slør/lens på begge langleggane i bane 1!
Men slik vart det denne onsdagskvelden. Start med kryss til bøya ved Ryssholmen, og med sydleg vind vart det lens for båtane som gjekk midtfjords nordover mot Eggholmfluda. Ready Lady og Runa Regina satsa på trekk frå land, og ved å gå nær Ulstein fekk dei full utteljing med gennaker. Allereie ved Gåsneset låg dei i teten, og RR, som gjekk lengst aust, passerte snart RL. 300m frå Eggholmfluda dreia vinden 180 grader, og snart låg RR og RL på kryss og resten av feltet på lens! Så dermed vart det spinnaker ned til Kyrkjefluda, kryss opp igjen til Eggholmfluda og spinnaker til mål. Lenger nede i fjorden stor framleis den milde, sydlege brisen, så det vart ein fin kveld med grilling på Borgarøya.