[email protected]


Logo
Bli medlem
Jolle

Knockout av Hypocampe,

Forfatter: Harald Notøy

02. juni 2016

Forside
News article image

og imponerande opphenting av Ready Lady.

Dette var første onsdag med start etter "Hatlevikmetoden" - ein slags tilpassa Gunderstart med starttider etter rating - og det vart ikkje så greitt for alle.  Barbarella, Drambuoy og Hypocampe kom seg av garde og fann nordausten borte ved Vattøya, men spesielt Sigvaldson og Ready Lady vart liggande lenge og duppe i sjøane som kom frå vinden lenger nord.  Til slutt fann dei litt trekk, og jakta på resten starta.  Ready Lady gjekk som einaste båt med spinnaker frå Eggholmfluda til Ingridskjeret og henta inn ein del på det.  Ved Ryssholmen vart det stillebelte igjen, men Hypocampe rakk å kome forbi til ein suveren førsteplass.  17 minutt til andreplassen er ikkje vanleg.  Sigvaldson henta seg også flott inn frå ein begredeleg start og slo Drambuoy med eitt sekund!