Resultat Island Offshore seilas H3
Forfatter: Frode Hofseth
24. august 2022
Resultat Island Offshore seilas H3
I dag stilte heile 12 båtar til start i lette vindforhold. Vinden var imidlertid litt meir tilstades enn ein kunne frykte. Vi starta frå Pålsflu, bane 4 med unnavindsstart. Båtane kom seg godt i gang, og vinden holdt fint til båtane hadde runda Fånota. På kryssen mot Pålsflu vart vinden svakare og det var lurt å vere fremst då... Etterkvart vart det for mange eit drygt stykke siste metrane til Pålsflu der tidtager hadde avkorta til ei runde.
Først i mål og suveren siger i dag til Putte, deretter fulgte Grøyven og Excalibur på 2. og 3. plass. Escapade ville også gjort det skarpt i dag, men hadde ikkje gyldig rating. Ein båt fullførte ikkje, ellers fekk resten gyldig tid. Vi satser på litt meir vind neste onsdag... Fin samling på Borgarøya etter målgang med utdeling av iskrem frå formannen :) Fin og varm kveld!!