[email protected]


Logo
Bli medlem
Jolle

Resultat Island Offshore seilas V1

Forfatter: Frode Hofseth

01. mai 2024

Forside
News article image

Resultat Island Offshore seilas V1 2024

6 båtar stilte til start i dag. Vi satser på fleire deltakarar neste onsdag. Mange som var forhindra i dag av ulike årsaker. Uansett var det ein fin dag i blåmyra - speilblank sjø, men ein liten trekk hjalp båtane avgårde. Til tider svært lite vind. Men etter runding toppmerke så tok vinden seg godt opp, for så å stilne av igjen mot slutten.
Så det gamle jungelordet om at det lønner seg å seile fort, slo til.
Veldig kjekt at to nykomarar på seilasane kom inn som første båtane. Line honor gikk til Fryd 4 v Kjersti og Vidar! (Båten har ikkje fått målbrev ennå, så korrigert tid er utfrå eit usannsynlig høg ratingtall på 2,0).
Tett etter kom Tellus som også vart dagens vinnar - gratulerer med seier på første forsøk :) I korrigert tid kom J-70en rett etter med fin 2. plass.
For dei 3 andre båtane så stilna vinden ut slik at båtane dessverre ikkje klarte å komme inn på maksimaltid.