[email protected]


Logo
Bli medlem
Jolle

Roleg onsdagskveld

Forfatter: Harald Notøy

23. august 2024

Forside
News article image

Sju båtar stilte til start på H2 med nordleg start på bane 1. Det gjekk fint heilt til båtane runda Byholmane og hadde igjen siste legget inn til mål. (Avkorting etter ei runde.)

Her stilna vinden og gjorde dette korte legget til ei lang affære. Fryd 4 kom først i mål tett fulgt av Grøyven. Indigo låg fint an ei god stund, men "møtte veggen" siste stykket.

Utenom dei to første båtane så vart dessverre resten av feltet for seine til å få teljande resultat. Nytt i år er at vi har endra makstida til 2,5 time. Dette vart bestemt på medlemsmøte i vår og står også i sesongboka som ein del av seilingsbestemmelsane for Island Offshore-seilasane.