Slik starta Ulstein seilforening
Forfatter: Cecilie Bjørnerem-Brandal
20. mars 2020
Peter Reite, ein av pionerane, har sendt oss denne skildringa av den spede starten til USF.
På begynnelsen av 70 tallet var familien min ofte på besøk i helgene hos onkel Knut og tante Svanhild. Dei bodde nær sjøen i «straumen» i Flusund, som ikkje er så langt frå Fosnavåg. Onkel Knut var sammen med sin bror reder og skipper. Dei hadde 2 kraftblokkbåtar, «Remøybuen»og «Knut Hansen». Kaia og sjøbudene låg rett nedenfor huset i straumen. Det var også eit båthus på enden av eine sjøbuda der det var fleire livbåter og notbåter som ikkje var i bruk. Eg var alltid en tur dit når vi var på besøk hos tante og onkel. Det var spesielt ein livbåt som eg likte svært godt, og drømte meg vekk om korleis denne båten kunne bli seilbåt.
Onkel hadde nok lagt merke til min interesse for livbåten, og en dag sa han at eg skulle få båten. Gleden var stor, og båten blei slept heim til Ulsteinvik. Med på lasset var det seil og div. utstyr som eg fann på sjøbuda til onkel.
John Hatløy og Håvard Ulstein var med når vi forsøkte å rigge båten slik vi meinte den burde være. Kunnskapen var nok ikkje den beste, men pågangsmotet var det ingenting i veien med. På ei sjøbud fant vi ei mast som eg trur var 6,9 meter, og denne meinte vi passa perfekt. Storseilet vart sydd på endel slik at det skulle passe til masta. Båten fekk også bauspyd, og blei rigga etter det vi meinte var rett.
Båten, som fekk navnet Leon, segla svært dårlig. Det var selvfølgelig ingen skikkelig kjøl på båten, og eg trur vi rodde like mykje som vi segla den første tida.
Inne på fryseriet på Saunes låg det en annen livbåt på land som nok var i dårlig stand. Vi hadde problem med festet på roret, og gjekk inn på fryseriet for å sjå korleis roret var festa på denne. Der traff vi Hans J Braarud som også såg på båten. Vi fortalde om vårt prosjekt, og ganske snart foreslo Hans at vi burde starte ei forening i håp om at fleire ville fatte interesse for seiling og kanskje kunne vi klare å skape et seilermiljø. Vi var umiddelbart enig i at dette var ein god ide, og at vi måtte forsøke å få til dette. Det var nok Hans Braarud som organiserte og ordnet det meste. Vi møtte opp, og forsøkte å få med så mange som mulig. Uten Hans sin innsats og engasjement hadde det nok ikkje blitt noke av seilforeninga den gang.
Vi fekk holde medlemsmøta på Hatløy mekaniske, og det var også der vi monterte optimist jollene på dugnad. Vi fekk også besøk fra Ålesund seilforening, og eg husker at dette var til stor inspirasjon. Nokre ganger seilt/ rodde vi Leon til Hatløy mekaniske når det var møte i seilforeninga. Vi kunne gått eller sykla på en brøkdel av tida vi brukte, men vi «brant» virkelig for dette med seiling og seilforeninga.
Sidan Leon seilte så dårlig, måtte vi ha ein kjøl. Ved hjelp av fleire kamerater fekk vi dradd båten på land på store vikholmen der aktivitetshuset ligg idag. Vi snudde båten med kjølen i veret. Asbjørn Osnes som var snekker på ulstein mekaniske hjalp oss med å montere langkjøl på båten. Den ble laga av 2 stk. 2 toms x 8 toms plank med jernbeslag i forkant. Det blei bora inn kjølbolter og kjølen blei laga etter alle kunstens regler av ein fagmann. Vi laga alle beslag og feste sjøl, og fekk god hjelp på ulstein mekaniske. Det vil seie at vi fekk fort hjelp når vi skulle sveise eller bøye et eller anna, for dei såg vel at kunnskapen ikkje var den beste. Vi «fann» også ein bit av ei tjukk jernplate som vi fekk sveisa feste på. Denne blei montert på den nye kjølen. Vi var fornøyd med resultatet, for båten kunne seilast sjøl om vi måtte ha mykje vind. Det blei mange turar for det meste på Lyngnesvika. Vi kom sjeldan lenger, men alle i vik såg selvfølgelg våre forsøk på å nytte vinden til framdrift.
Ein gong det bles godt og lyngnesvika gikk kvit klarte vi etter mykje strev å krysse oss heilt ut på søyla utanfor snæingen. Vi hadde oppe alt av seil, og lensa tilbake til vik. Vi hadde litt problem med styringa for baugen på Leon låg tungt i sjøen på grunn av den sterke vinden og det var berre halve roret som var i sjøen. Det var einaste gongen vi seilte forbi nokon då vi passerte ei snekke som var på tur til vik. Karane på kaia på Hatløy mekaniske heia og klappa då vi passerte snekka.
Trur dette var einaste gongen vi var litt redde for at ting kunne gå gale. John fortalde etterpå at han ikkje kunne symje, men eg trur det var ein av gangane vi brukte redningsvest.
Seinare fekk Håvard ein skikkelig seilbåt. Det var ein Yngling som vi meinte seilte som en rakett. Det var egentlig dette som var seilbåt. Leon blei etterkvart lite brukt, og eg gav den vekk eller solgte den veldig billig. Den endte sine dager i fjøresteinane i Ottavika ein stormfull dag.
Uansett var nok Leon den første båten i seilforeninga, og vi lærde mykje den tida vi holdt på med rigging av båten.
Det er slik eg husker det, men det er lenge sidan og nokre ting kan kanskje være litt prega av det.
Resten av historia om Ulstein Seilforening er jo tilgjengelig via dei gamle møtereferata som ligg på seilforeninga sine sider.
Det virker som foreninga er svært aktiv og et fint fritidstilbud til alle som er interessert i seiling. Det var også dette som var det viktigaste når foreninga blei starta.
Det er også kjekt å sjå alle båtane som svinger innom vik på onsdagseilasen. Fint innslag i Ulsteinvik.