Første IOR 2018
Forfatter: Harald Notøy
03. mai 2018
Saga kom seint til start, men dei trengde visst ikkje oppvarming.. Les rapport frå Yrjar. (Endeleg resultatliste på vanleg plass.)
Rapport frå tidtakar:
Onsdag ettermiddag var vårsleppdagen for dei ivrige seglarane i Ulstein Seilforening.
Tradisjonen tru starta ein opp klubbturneringa den fyrste onsdagen i mai. I dei komande 8 onsdagane på våren og tilsvarande 8 til hausten vil ivrige seilervenner samlast til konkurranse i den flotte skjærgarden vi har rett utfor strendene våre.
Ein nydelig frisk bris frå sør ga optimale forhold for dei 10 seilbåtane og 50 mannskapa som konkurrerte på Ulsteinfjorden denne kvelden. Bana dei seilte var variert med fleire seilskift og mange spennande duellar undervegs.
Fleire av dei raskaste båtane oppnådde maks fart på over 10 knop i vindkasta på fjorden.
Suverent raskaste båt denne kvelden var Grøyven med Frode Hofset som skipper. Dei var over 5 minutt før båt nr 2 i mål.
Saga med skipper Paul Leine vart vinnar på utregna tid, dei var også båt nr 2 over mållinja. Paul sitt røynde mannskap presterte segling på høgt nivå og hadde full kontroll på resten av feltet.
I god tradisjon avslutta ein med kaffi og gjennomgang av seilasen mellom mannskapa på Borgarøya. I seiling vert det sosiale mellom unge og eldre med felles interesser sterkt framheva.