GLEDELIG MELDING ad onsdagsseilasar
Forfatter: Frode Hofseth
03. mai 2021
GLEDELIG MELDING! Etter at regattakomiteen har prata med kommuneoverlegen i Ulstein kan vi glede alle med at det på Island Offshore regatta i tida framover er store endringar mtp antall mannskap ombord.
Forskrifta tillet inntil 10 personar samla i ein privat båt på frivillig basis. Treningsseilasar, 17.mai konvoi ol. vil då vere mogleg å gjennomføre med nok mannskap.
Bruk fornuft ved mønstring og samling på brygger. Som ellers i samfunnet så må sjølsagt den som er sjuk halde seg borte/heime. Kvar båt har ansvar for å notere kven som stiller som mannskap. Vi oppfordrer også til å halde god avstand ombord, samt ha tilgang på handsprit.
Vi reknar med at alle er flink og held seg innanfor desse retningslinjene, og at vi får operere vidare gjennom sesongen med like fine rammer som vi har fått her.