Jolle
Sigvaldson tok første stikk.
Forfatter: Harald Notøy
04. mai 2023
Forside
?Endelig sesongstart! Med strålande sol og friske vindforhold fekk vi fullført første Island Offshore-regatta for sesongen. Det vart seilt bane 3, rundt Søre Eggholmflu og Ingridskjær bl.a.
Nordaust vind med ca. 10 m/s og kast med ein del ekstra futt.
Gledeleg at J-70, ny båt i foreninga, stilte til start. I overkant friske forhold for denne som viste godt sjømannskap og gav seg eit stykke ut i krysslegget. Blir nok ein båt å rekne med dette framover.
Dagens vinnar vart Sigvaldson - fortjent siger etter flott seiling!
Åtte båtar stilte til start.