Jolle
Dei to beste var åleine!
Forfatter: Frode Hofseth
16. september 2026
På onsdag fekk dei 10 oppmøtte båtane endeleg bra med vind i segla. Nordvest 5-7 m/s. krydra med rikelig mengder spyling frå oven.
Halvparten av båtane måtte stille med redusert mannskap - enten double eller singelhanded. Det vart segla bane 3, og raskaste båt var i mål på èin time. Dette vart også dagens vinnar - singelhanded. Også nr 2 stilte singelhanded!
Pallen tok Fryd 4 på 1., eit knapt minutt framfor Excalibur og med Sigvaldson ytterlegare 6 sekund bak. Vi gratulerer med flott segling!
Her ligg også resultat hittil i serien. Utan fråtrekk av dårlegaste plassering. To onsdagar igjen, samt superlaurdagen 3.10., så er Island Offshore-regatta 2026 forbi.