[email protected]


Logo
Bli medlem
Jolle

Jolleleir og sosialt seglartreff på Borgarøya

Forfatter: Solveig Brandal

04. august 2026

Jolle
News article image

Jolleleir og sosialt seilartreff på Borgarøya

Ulstein Seilforening og Ørsta Seilforening inviterer til ei innhaldsrik og sosial helg på Borgarøya!  Helga passar for både nye og erfarne seglarar. Vi samlar juniorar og vaksne til ei helg fylt med segling, leik, læring og godt samhald. Det blir muligheit for skyss til og frå Borgarøya med RIB-båt.

PROGRAM

Fredag

Kl.18:00 Båtane ankjem Borgarøya og samlast der for sosialt før laurdag

Laurdag

Kl.11:00          Skippermøte

Kl.12 - 15:00   Vennskapsregatta (Ingridholmen)

Kl.15 - 17:00   Leik på vannet med joller for alle

Kl.17:30          Resultat   

Kl.18 - 21:00   Grilling

Søndag

Ingenting på programmet denne dagen, oppsummering av helga og ha det bra.

Jolleleir for små og store juniorar med aktivitetar på sjøen gjennom helga.

Vennskapsregatta for større båtar – ein uformell regatta der det viktigaste er å ha det kjekt saman.

Teltleir for dei som ønskjer å overnatte på Borgarøya. Ta med eige telt og utstyr.

Felles måltid og sosialt samvær gjennom helga. Dersom vêret ikkje speler på lag, håpar vi å kunne nytte huset på Borgarøya som varmestove og base. Ulstein Seilforening stiller med joller og følgebåtar, og saman med Ørsta Seilforening legg vi til rette for ei lærerik og kjekk helg på sjøen. 

Vi håpar å sjå både nye og kjende fjes til ei flott seilhelg på Borgarøya - VEL MØTT!

Spørsmål? Ta kontakt med Håvard Stave tlf.: 906 15 698 eller Solveig Brandal tlf.: 994 20 838