[email protected]


Logo
Bli medlem
Jolle

Vellukka lystenning og fest

Forfatter: Cecilie Bjørnerem-Brandal

04. desember 2022

Forside
News article image

Fredag 2. desember tende seglbåteigarane lys i mastene på båtane i hamna i Ulsteinvik. Etter lystenninga vart det fest på Vikholmen.

Etter lystenninga fortsette kvelden på Vikholmen aktivitetshus. Veldig kjekt at over 70 møtte på festen. Jollegruppa ved Erik Leenders, starta programmet for kvelden med å fortelje om alle dei kjekke aktivitetane dei hadde gjennomført i sesongen. Deretter vart det høgtideleg overrekking av premiar frå årets onsdagsregattaer. Det kom ikkje som noko overrasking at Putte (Frode Hofseth) trona øvst på pallen både vår-, haustsesong og samanlagt. Nytt for sesongen var SeilUt. Ingen båtar hadde registrert hamneanløp ti gongar eller meir og det vart derfor ikkje utdeling av premie, men det vart oppfordra til meir aktivitet i sesongen som kjem. Det er fleire vakre perler ein kan besøke i nærområdet vårt, både Borgarøya og Furøya (i området mellom Kjeldsund og Haddal) er lagt tilrette for båtfolket. Høgdepunktet for kvelden var nok Yrjar og Are Garshol sitt innlegg frå turen då dei segla rund Kapp Horn med Statsraad Lehmkuhl. Ei minnerik oppleving som vart formidla med engasjement, flotte skildringar, humor og historiske detaljar. Både Yrjar og Are har nok vorte inspirert til å delta på denne turen etter at dei begge hadde lest bøkene om Jack London i barndommen. Tormod Heggvik leste utdrag frå boka i etterkant. Leiaren i foreninga, Tor Inge Nordmo, avslutta programmet. Ein kjekk fest som vi håpar vert gjenteke neste år.


Takk til festkomiteenved Håvard Stave og Yrjar Garshol, for arrangement.