Resultat Island Offshore Regatta V5
Forfatter: Johannes
28. mai 2026
Resultat Island Offshore Regatta V5
13 båtar til start og med vindstyrke på 6 m/s frå nord før start, låg alt til rette for nok ein flott regatta med gode forhold.
Gleda var dessverre kortvarig og i det enkelt båtar begynte å drive tilbake mot startlinja, klarte Excalibur og Anna Serine å snike seg rundt toppmerket og passere ei avkorta mållinje på rett over 1 og ein halv time. Putte klarte også, takka vere eit lite vindkast, å snurre seg rundt, få opp genaker og snike seg inn innanfor makstid i det fleire båtar senka seila.
Det vart berre tre båtar i mål i dag og vi gratulerer Excalibur med førsteplass, relativt tett fulgt av Anna Serine. Putte på ein flott tredjeplass. Godt seilt!
Dei resterande 10 båtane må ta til takke med DNF som korrigert tid, om dei i det heile har kome seg tilbake frå stilla.
Takk for godt driv i dag!