Jolle
Jollegruppa avsluttar sesongen
Forfatter: Harald Notøy
17. oktober 2024
Forside
Vi takkar alle seglarar, trenarar, hjelparar og foreldre for ein lang og herlig sesong med segling, sikkerheit og samhold. Jollene vart rigga ned og klargjort for vinteren i dag. Håper vi møtes igjen til våren; satsar på nytt livrednings- og introkurs etter påske 2025.
I mellomtida: Dei som vil vidareutvikle seg i og under vatn er velkomne til fridykking- og undervannsrugby treningar mandagar og torsdagar kl. 2000-2045 i Ulsteinbadet (følger skuleruta). Deltakarar betalar sin eigen inngangsbillett. Ta kontakt om du har spørsmål.
For Styret: Håvard Stave