Jolle
IOR V4
Forfatter: Harald Notøy
20. mai 2026
Forside
Nok ein flott kveld med 11 båtar til start. Jamn og fin vind frå nord, men med fare for vinddreiing utover kvelden vart bane 3 valgt som eit litt kortare alternativ. Tidtakar minner om at shorthanded og utan spinnaker må meldast inn per SMS/telefon 30 minutt før start. Sigvaldson har starta sesongen sterkt og tok sin andre siger, tett etterfulgt av Anna Serine og Grid. Vi gratulerer! Takk også for veldig godt oppmøte på Borgarøya!