IOR V4
Forfatter: Harald Notøy
26. mai 2022
Avkorting og tett!
Halve flåten var i Spania, men 6 båtar stilte likevel til start. Bane 4 vart valt, og etter 10 minutt utsett start kom alle fint av gårde i 3-4 m/s vind. I løpet av fyrste runde vart det klart at det måtte bli avkorting grunna raskt minkande bris.
Først i mål, og først på korrigert tid var Grøyven, fulgt av Sigvaldson på andreplass og Grid på tredjeplass. Vi gratulerer!
Det var tett løp, alle båtar i mål innafor ca 13 minutt, og berre knappe 5 minutt mellom første og siste båt på korrigert tid. Spesielt tett var det mellom dei 4 siste i mål, der alle gjekk over linja innafor 1 minutt og 30 sekund.
Alle båtar møtte opp på Borgarøya til resultatservice og sosialt samvær etter seglasen. Bra for seglarmiljøet!