Island Offshore seilas H5
Forfatter: Frode Hofseth
07. september 2022
Island Offshore seilas H5.
Dagens seilas starta i behagelig nordlig vind, litt meir enn sist veke. 9 båtar stilte til start. Også 2 spreke ungdomar stilte med Vision jolle og seilte løpet - fint å sjå rekruttering som blomstrar.
Etterkvart som båtane nærma seg toppmerket på Kyrkefluda dabba vinden stadig meir bort. Det var valgt bane 1, og etter runding ved bøye Lyngholmane valgte tidtager å avkorte her.
Det vart ikkje så lange bana, men ein fekk seilt både kryss og unnavind. Stort strekk i feltet vart det uansett. Likevel veldig tett i toppen i dag. Det skilte 7 sekund mellom 1. og 2. plass og 14 sekund mellom 3. og 4. plass.
I dag var det Putte med Chris Remøy som innskremt skipper som tok 1. plassen, Torbjørn med Grid tok 2. plassen og Tom Høymer kapra 3. plassen - vi gratulerer!!