Jolle
Haustserien er i gong!
Forfatter: Harald Notøy
12. august 2026
Forside
Dette arkivbildet illustrerer godt forholda ved vanleg starttidspunkt, men etter ein god halvtimes utsetting kom det litt vind og dei åtte båtane kom seg godt i gong med slørestart nordover på bane 3. Då båtane nærma seg Byholmane, stilna vinden gradvis til nesten null. Tidtakar avkorta der og alle båtane fekk fullført. Fryd 4 møtte feltet der dei kom frå lang ferietur og deltaking på Island Offshore Race to the Arctic. Dessverre akkurat for sein til å rekke starten i dag.