Medlemskontingent 2021
Forfatter: Cecilie Bjørnerem-Brandal
25. februar 2021
Betalingsdetaljar for medlemskontingent er no utsendt.
Betalingsdetaljar er no sendt ut på SMS til alle medlemmane, og på epost til dei som ikkje har registrert mobilnummer på medlemssida til foreninga. I tillegg vil alle få fakturaen i klubbappen (SPOORTZ) der ein kan betale med Vipps eller kort. Å betale via appen gjer det enklare, så har du ikkje lasta den ned på telefonene så gjer det no :)
Fakturaen ligg under "meg" og under fana "regninger" øvst på sida. Marker fakturaen (huk av) og trykk øvst oppe til venstre for å betale. Du vert då vidaresendt til kort eller vippsbetaling. Fort gjort :)
Vel møtt til ny sesong, vi håper at den nye sesongen vil bli lite påverka av pandemien.