[email protected]


Logo
Bli medlem
Jolle

Regattasesongen 2024 er over

Forfatter: Harald Notøy

06. oktober 2024

Forside
News article image

I går vart dei tre siste seilasane i Island Offshore haustserie gjennomført.
Alle gikk inne på Lyngnesvika i varierende søraust vind. Gjennom utallige vindkast varierte vinden frå 0-25 knop. Vindretning kunne også endre seg mykje gjennom dagen.

Korrrigert resultatliste etter helgas sesongavslutning Island Offshore haustserie er vedlagt!

Dessverre vart det ein lesefeil på tidsbruken for Maija på H10 seilasen. Maija kom først i mål, men vart registrert i utrekninga med ei lenger tid som var feil. Dette er retta no.

Endringa førte til at Maija enda som vinnar av H10. Vidare førte dette også til at samanlagtresultatet for haustserien vart endra.

Det var veldig tett i teten blant dei 5 første båtane. Denne endringa av H10 seilasen førte til at Sigvaldson og Maija deler 1. plassen for haustserien - GRATULERER til begge. Vidare då blir Anna Serine og Putte på delt 3. plass - Eit halvt poeng bak vinnarane. Olivia vart dermed nr 5 i serien.

Frode