[email protected]


Logo
Bli medlem
Jolle

Jarle Osnes har forlatt oss

Forfatter: Harald Notøy

09. april 2021

Forside
News article image

Vår gamle leiar, seglar, arkitekt og kunstnar døde i Oslo 1. påskedag, snart 99 år gammal.

Han var med og tok initiativ til ny start for USF i 1979, og vart vald som leiar i perioden 1980-83.

Arkitekten og bildekunstnaren er mannen bak logoen vår, og i tillegg var han drivkraft bak oppussinga av skulen på Vattøya som var basen til USF på 80-talet. Som mangeårig medlem i GKSS i Gøteborg hadde Jarle med seg mykje erfaring til nytte for USF då han flytta tilbake til Ulsteinvik, og han var snar til å kjøpe seg ny seglbåt. Han og fleire kjøpte seg kvar sine Sagavind 20 frå Saga Boats i Selje, men Jarle sin vart litt anneleis enn dei andre. Estetikaren og seglaren skulle ikkje ha den grøne stripa i fribordet som var standard. På "Ran" vart den marineblå!

Jarle budde siste åra i Oslo nær eine døtra på Ekeberg, men sjølv i sitt 99. år fylgde han nøye med det som skjedde i Ulsteinvik. Ikkje minst USF! Sjekk gjerne opp aktiviteten hans på FB-sida vår. Her er eit intervju i Vikebladet som kan lastast ned og forstørrast så det blir lesbart. Legg merke til FB-kommentaren hans: https://www.facebook.com/…/a.1478291212181…/1492914857385857

Ein flott mann har gått bort.