[email protected]


Logo
Bli medlem
Jolle

Island Offshore H3

Forfatter: Frode Hofseth

26. august 2026

Forside
News article image

Strålande flott kveld med spak, men relativt jamn vind.. Sola hjalp nok til at vinden heldt og faktisk auka litt mot slutten. Det vart seilt bane 1 med nordleg start. Vind nordvest ca 2-4 m/s. og seilasen vart avkorta etter fullført 1. runde. 10 av 11 båtar fullførte. Pallen var det Grid på 3. plass, Drambouy på 2. og Sigvaldson på 1. som tok seg av. Vi gratulerer med god seiling!! Sigvaldson har med dette fått ein fantastisk start på haustsesongen med tre strake sigera

Èin liten feil i resultatlista er at Putte seilte doublehanded, men ratingen er vanlig rating. Det gir ingen endring i resultatet, men reelt skal Putte med rett rating vere 33 sekund bak Volare. Kjekt med heile 9 båtar samla på Borgarøya for seilprat og resultat av seilasen,

Custom image