Bane 1N i miniversjon
Forfatter: Harald Notøy
09. september 2026
Som meldt stod det ein fin NV bris ned fjorden fram til ein halvtime før start. Då var det nokon som slo av brytaren, og nesten heile feltet vart liggande å drive bak startlinja i lang tid etter kl. 18. Raytracer låg lengst inne ved land, og dei greidde å starte til nokolunde rett tid. Sakte men sikkert fekk dei litt distanse til resten. Etter kvart kom ein liten trekk, og feltet seig over linja. Excalibur og Volare følgde Raytrcer langs land nordover, medan resten satsa på meir vind midtfjords. Det siste viste seg å vere ein tabbe, for dei tre nær land kom seg først over mållinja litt nord for Gåsneset. Altså ei kraftig avkorting, men det gjorde at sju av ni båtar fullførte. Og rett etter at Excalibur gjekk i mål, kom den flotte nordvesten...
Til ære for seglarkongen Harald 5, segla alle med flagg denne kvelden. At det også var nr. H5 i haustserien passa fint.