[email protected]


Logo
Bli medlem
Jolle

Snart start på haustserien Island Offshore regatta

Forfatter: Frode Hofseth

02. august 2020

Forside
News article image

Onsdag f.k. (5. August) starter vi opp med første seilas i haustserien. Gå inn på heimesida under "våre grupper" og "tur/hav" - der finn du sesongboka med beskriving av banene og informasjon generelt.

Nytt for haustserien er at det vil vere ulikt startområde avhengig av om det er Nordlig, eller Sør/Vestlig vindretning. Seinast kl. 16 kvar onsdag må tidtager melde inn dette til Frode tlf 419 20 003. Dette blir så lagt ut på heimesida til USF, slik at alle kan orientere seg om det skal startast ved Pålsflu eller ved småbåthavna i Ulsteinvik.

Foreløpig er det ingen endring i smittevernreglar frå slik det var under vårserien. Det vil seie at enn så lenge er det fortsatt kun lov med inntil 3 personar i samme båt, om ein ikkje er frå samme husholdning. Ellers alle reglar som ellers i samfunnet mtp å halde avstand og vere nøye med hygiene/handvask. Om ein ikkje er frisk så må ein halde seg heime. Vi følger nøye med om det skulle bli lempa på bestemmelsane frå NSF, i så fall så vil vi informere om det straks det eventuelt skjer.

Håper alle har sjanse til å stille på Onsdag 5.8. Bruk gjerne facebookgruppa Manskapsbørs Ulstein Seilforening om ein treng mannskap eller nokon ønsker å vere med på seilas :) Vel møtt til nytt seileventyr:)